fredag 11. april 2008

USA-turen!

Ja! No er vi då komt igjen frå USA. For nærare ein mnd sidan...

Og no er det tid for å dele opplevingane med dykk der ute!
Det var mykje som skjedde då me var der borte og mykje har nok vorte gløymd også, men noko sitt att. Kva skjedde eigentleg i USA....

Me starta turen med eit uvisst antall timar på fly. Når me tilslutt landa på LAX Airport i Los Angeles var det ikkje langt ifrå at me kyssa bakken. Me var glad for å sjå land igjen!
Dei store hæppeningane me kan nemna frå Los Angeles er;

  • Møte med Andrea Crouch, heime(!) hos Andrea!



  • Øving med menighetskoret frå WESTA. (West Angeles Church of God in Christ)
  • Gudstjeneste i WESTA.
  • Gudstjeneste i Saddleback Church, ei kyrkje med over 50 000 medlemmar.
  • Møte med Rick Muchow, "sjefen" for lovsongen i Saddleback.
  • Besøk i Universal Studios Theme Park
  


  • Joggeturer på Santa Monica Beach. Der stjernena frå Pacific Blue og Baywatch òg har jogga og svetta.


  • Tur i Sony Entertainment Movies Studios
  • Walking the "Walk of Fame". Hollywood!!




  • Og ikkje minst, SOL, som varma dei Skandinaviske vinter-kroppane våre. DIGG!

Etter ei knapp veke i Los Angeles satt me oss atter ein gang i ei maskin som skulle ta oss fleire mil. Du gitta riktig, eit fly.
Denne gongen var ikkje flyturen på meir enn  5 timar. (!)
No landa flyet i Chicago, Gospelens heimby!


Det å koma til Chicago frå Los Angeles er ei oppleving i seg sjølv. Her kom me frå varme 20 Celsius for så å gå rett ut i kalde -1 Celsius i Chicago. Men mykje flott skjedde her også.
Me kan nemna:
  • Seminar om Gospel ved L. Stanley Davis
  • Besøk på JesusPeople, musikk-klassen sitt misjons-prosjekt. Les meir om JesusPeople her: www.jpusa.org (på engelsk, kjem og eit innlegg om JesusPeople her på bloggen om litt.)
  • Konsert på "The University of Gospel".
  • Besøk i Sears Tower, den 3. høgaste bygningen i verda.
  • Besøk på Guitar Center. Der det vart brukt langt over gjennomsnittet av både tid og pengar...

  • Me vart invitert av L. Stanley Davis til å vera med på å feira ein Pastor sitt "6th anniversary" som Pastor. Der var det mykje for høgt lydnivå og mykje forhøgt temperatur nivå for oss bleikhuda. Me måtte rett å slett snika oss ut av lokalet to og to... Flaut...
  • Mykje god humor! (Her: Baard som fant ut at det gjekk an å ha med niste i hua. Denne gjekk han rundt på gata i Chicago med. Mangen som snudde seg kan me sei... )


Her vart me meir vant til dei norske forholda, her var det grått og kaldt. Derfor var nok ikkje forskjellen så stor sånn miljø messig når me kom heim. Den største forskjellen var vel at me skulle snu klokka på hovudet. Då me kom heim måtte me stilla klokka 6 timar fram. Og det gjorde nok utslaget på starten av påskeferien for mange. Malene var nok sist ute med å snu døgnet, for der var det visst ikkje heilt snudd, 1. skuledag etter påskeferien...

Alt i alt så hadde me ein fantastisk tur, med fantastiske opplevingar. Fleire bilder følgjer og kjem ut på bloggen seinare. :)

Ingen kommentarer: