mandag 8. september 2008

Nytt år, nye moglegheiter

Då var eit nytt år med musikklassa i gong på Bildøy. Og ein kan ikkje seie at gutane har låge på latsida. Etter tre veker på bibelskulen, var det i dag duka for årets andre sjøsetjing. Dei heldige denne gongen var mediastipendiat Monica og vår kjære musikkelev Joachim. For dei som no sit og lurar på om det er vår nye båt vi har sjøsatt, kan eg med ein gong konstantere at det er det ikkje. Tingen er nemleg, at på Bildøy har vi ein tradisjon som seier at dersom nokon blir saman i løpet av bibelskuleåret må dei bli kasta på sjøen. Heldigvis er ikkje September den kaldaste månaden. Stakkars dei som ventar til Januar...



tirsdag 29. april 2008

Linjehelg!!

Musikk
Linjehelg
"Men alle e jo vekke!?"
"Norheimsund!?!?!?!!"
"Kirsten Mona!!?!"
Guds kjærlighet.
Rejoice! in the Lord!

Me har vore på linjehelg. Linjehelg innebærer 1 linje og 1 helg. Det vil sei musikk-linja på tur helge tur til Norheimsund og Rejoice!

Rejoice er et arrangement som kan ligna mykje på Impuls.
Det er møter, seminar, kafè, kiosk, aktiviteter, mykje morro og humor.
Guds kjærlighet stod sentralt denne helga.

Me overnatta på Øystese bedehus som ligg ca 6km frå idrettshallen i Norheimsund som var sentrum for alle hæppeningane.

Fredagen begynte med reisa opp til Norheimsund som frå Bibelskulen tar sånn ca 1,5 timar i Bibelskule tempo. ;) Kirsten Mona fekk og vita at morfaren var ganske dårlig så sannsynligheten for at ho måtte reise ner igjen før søndag var stor. Korleis skulle dette gå?
Me var oppe i Norheimsund i halv 7 tida og fekk pakka oss ut på bedehuset i Øystese og registrert oss og satt opp Bildøy-standen før det første møtet var begynt. :) Etter møtet fekk me snakka med folk og mange var positive til bibelskule og Bildøy.

Lørdagen skulle me syngja på formiddagsmøte. Me sang 2 sanga, Everything og God will make a way. Det gjekk veldig fint. Sjølv om me mangla nesten halve klassen. :)
Etter me hadde opptredt så måtte Kirsten Mona reisa. Så då satt vår kjære stipendiat Svein-Inge igjen med alt ansvaret. Og det var ikkje noko problem for han. Skulle tru at det var planlagt at han skulle ha det. Det gjekk så knirkefritt at sjølv vaktmester Øyvind hadde ikkje klart å smørje ei dør så godt.

På ettermiddag på lørdagen reiste me tilbake til Øystese og slappa av, me spelte Risk, Den forsvunne Diamanten og Svisj-UNO. Einaste som ville og var heilt gira på Seminar var vår alles kjære John Olav. Han var fast bestemt på at han skulle på Seminar. Så han blei igjen der og holdt fortet mens resten av klassen reiste til Øystese. Han hadde, etter det han seier sjølv: "Ein sinnsykt bra dag alså!"

Lørdagskveld var det konsert med Elevate! Konserten bestod av masse lyd, lys, musikk og det viktigaste av alt, Jesus Kristus som elskar oss! Og etter at lyden og lyset hadde roa seg så reiste me tilbake til Øystese og hadde kosekveld, på bedehuset. Der var alt ifrå ansiktsmaske til chips med dip.

Søndag var det oppvask og vask av Øystese Bedehus og trur neppe den bedehus-kjellaren nåkken gang har vert så fin som søndag 27.04.08 kl 14.30.
Så gjekk me på møte og pakka ner standen før me vendte nasena våre heim igjen mot Bildøy.

Med få ord så hadde me ei kjempefin helg med linja.

lørdag 12. april 2008

Når helga har senka seg...



Ja, då er det "endelig" helg på tunet... Helgafreden har lagt seg og det er stille rundt på bygget. Ein kan kanskje høyra eit piano som spelar vakre melodiar i det fjerne, bak ei lukka dør. 



Tjeneste klassen, T1, er på linjetur til Bømlo denne helga, nokre er i barnedåp, andre i bursdagsbesøk og nokre har reist heim for å jobba.

Det er stille på Bildøy Bibelskule. 
Det går for det meste i brett-spel, volleyball, TV eller soving. 


Det vert kanskje litt meir liv no til kvelds. Då har vel dei fleste stått opp og slikt.

Så reiser me inn på møte seinare. I kveld går minibussen til Salem.

Ønskjer om ei go helg frå alle oss i Musikk-klassa. :)


fredag 11. april 2008

USA-turen!

Ja! No er vi då komt igjen frå USA. For nærare ein mnd sidan...

Og no er det tid for å dele opplevingane med dykk der ute!
Det var mykje som skjedde då me var der borte og mykje har nok vorte gløymd også, men noko sitt att. Kva skjedde eigentleg i USA....

Me starta turen med eit uvisst antall timar på fly. Når me tilslutt landa på LAX Airport i Los Angeles var det ikkje langt ifrå at me kyssa bakken. Me var glad for å sjå land igjen!
Dei store hæppeningane me kan nemna frå Los Angeles er;

  • Møte med Andrea Crouch, heime(!) hos Andrea!



  • Øving med menighetskoret frå WESTA. (West Angeles Church of God in Christ)
  • Gudstjeneste i WESTA.
  • Gudstjeneste i Saddleback Church, ei kyrkje med over 50 000 medlemmar.
  • Møte med Rick Muchow, "sjefen" for lovsongen i Saddleback.
  • Besøk i Universal Studios Theme Park
  


  • Joggeturer på Santa Monica Beach. Der stjernena frå Pacific Blue og Baywatch òg har jogga og svetta.


  • Tur i Sony Entertainment Movies Studios
  • Walking the "Walk of Fame". Hollywood!!




  • Og ikkje minst, SOL, som varma dei Skandinaviske vinter-kroppane våre. DIGG!

Etter ei knapp veke i Los Angeles satt me oss atter ein gang i ei maskin som skulle ta oss fleire mil. Du gitta riktig, eit fly.
Denne gongen var ikkje flyturen på meir enn  5 timar. (!)
No landa flyet i Chicago, Gospelens heimby!


Det å koma til Chicago frå Los Angeles er ei oppleving i seg sjølv. Her kom me frå varme 20 Celsius for så å gå rett ut i kalde -1 Celsius i Chicago. Men mykje flott skjedde her også.
Me kan nemna:
  • Seminar om Gospel ved L. Stanley Davis
  • Besøk på JesusPeople, musikk-klassen sitt misjons-prosjekt. Les meir om JesusPeople her: www.jpusa.org (på engelsk, kjem og eit innlegg om JesusPeople her på bloggen om litt.)
  • Konsert på "The University of Gospel".
  • Besøk i Sears Tower, den 3. høgaste bygningen i verda.
  • Besøk på Guitar Center. Der det vart brukt langt over gjennomsnittet av både tid og pengar...

  • Me vart invitert av L. Stanley Davis til å vera med på å feira ein Pastor sitt "6th anniversary" som Pastor. Der var det mykje for høgt lydnivå og mykje forhøgt temperatur nivå for oss bleikhuda. Me måtte rett å slett snika oss ut av lokalet to og to... Flaut...
  • Mykje god humor! (Her: Baard som fant ut at det gjekk an å ha med niste i hua. Denne gjekk han rundt på gata i Chicago med. Mangen som snudde seg kan me sei... )


Her vart me meir vant til dei norske forholda, her var det grått og kaldt. Derfor var nok ikkje forskjellen så stor sånn miljø messig når me kom heim. Den største forskjellen var vel at me skulle snu klokka på hovudet. Då me kom heim måtte me stilla klokka 6 timar fram. Og det gjorde nok utslaget på starten av påskeferien for mange. Malene var nok sist ute med å snu døgnet, for der var det visst ikkje heilt snudd, 1. skuledag etter påskeferien...

Alt i alt så hadde me ein fantastisk tur, med fantastiske opplevingar. Fleire bilder følgjer og kjem ut på bloggen seinare. :)

søndag 2. mars 2008

Helsing frå crazyland!

No er vi i Los Angeles, og vi har det veldig kjekt på tur! I dag har vi vore i West Angeles Church of God in Christ. Ei skikkelig svart gospelkyrkje. Akkurat som tatt ut frå ein film! Her hadde dei kapper, og alle stod og dansa, skal sei det var trøkk! I forgårs var vi i Hollywood, og i kveld skal vi i kyrkja til Andrae Crouch (ein veldig kjent gospelmusikar). I morgon skal vi til Universal studios (ein fornøyelsepark som i følgje stipendiat Svein Inge skal vere veldig bra). Så vi gler oss. Det var alt for no. Vi har det iallefall veldi kjekt på tur, dette er verkeleg ei oppleving for livet! 

onsdag 13. februar 2008

Presentasjon av fag: Musikkformidling

Mål: Elevane skal tileigne seg kunnskap om og trening i å opptre som musikkformidlarar på ein trygg måte.

På musikklinja har vi eit fag som heiter musikkformidling. I dette faget framførar vi musikk for kvarandre, og får tilbakemeldingar frå lærarane og medstudentane. Det høyest kanskje litt skummelt ut, og er nok kanskje også litt skummelt av til, men eg trur nok at for mange er dette det aller kjekkaste faget vi har!

Vi vert for kvar gong inndelt i forskjellige grupper, som blir bytta på for kvar gong. Vi får også for kvar gong eit tema eller ein sjanger. Døme på tema/sjanger vi har hatt til no:
- glede
- country
- klassisk/salme
- gospel/jazz
- a capella
- film/musikal
- akkustisk + elektrisk
- jul

Her er ein film frå ein av dei aller fyrste musikkformidlingstimane vi hadde:

mandag 11. februar 2008

Linjeveka

Forrige veke hadde vi linjeveke på bibelskulen. Det vil seie at vi berre hadde linjefag ei heil veke. Medan både Krik og T1 var ute på reise denne veka, vart vi i musikklinja igjen på bibelskulen for å spele inn cd. Fem songar vart valt ut, i tillegg til to korsongar. Heile veka skulle avsluttast fredag kveld med ein konsert på Bibelskulen, så allereie mandag morgon vart det ringt rundt til radio og aviser med annonser om konserten. Det vart sett opp program for kvar dag med oversikt over kven som skulle vere i studio til ei kvar tid, og andre oppgåver til dei som ikkje skulle vere der.

Vi starta kvar dag med morgonsamling. På konserten skulle vi framføre det vi spelte inn på cden i tillegg til ein del andre songar som vart plukka ut. Dermed vart det ein del øving, både til konserten og til studioinnspelinga. Tirsdag kveld hadde vi hyggekveld med underhaldning, adjektivforteljing, bollar og is. Onsdag reiste vil til Fjell kyrkje der vi spelte inn to songar med musikklinjekoret Kenaja, og vår organist Baard spelte inn eit stykke på orgel. Etterpå reiste heile klassa på resturant. Ellers er det er vel greit å vite at vi fekk sove ein time lenger enn vanleg heile veka.

Cden er ikkje ferdig miksa endå, det skal vi nemlig gjere sjølv i musikkteknologitimane framover. Men vi vonar at resultatet blir svært bra. Vi hadde det iallefall veldig kjekt denne veka!

Linjeveka gjekk som smurt
- det var ingen som dreit seg ut