tirsdag 29. april 2008

Linjehelg!!

Musikk
Linjehelg
"Men alle e jo vekke!?"
"Norheimsund!?!?!?!!"
"Kirsten Mona!!?!"
Guds kjærlighet.
Rejoice! in the Lord!

Me har vore på linjehelg. Linjehelg innebærer 1 linje og 1 helg. Det vil sei musikk-linja på tur helge tur til Norheimsund og Rejoice!

Rejoice er et arrangement som kan ligna mykje på Impuls.
Det er møter, seminar, kafè, kiosk, aktiviteter, mykje morro og humor.
Guds kjærlighet stod sentralt denne helga.

Me overnatta på Øystese bedehus som ligg ca 6km frå idrettshallen i Norheimsund som var sentrum for alle hæppeningane.

Fredagen begynte med reisa opp til Norheimsund som frå Bibelskulen tar sånn ca 1,5 timar i Bibelskule tempo. ;) Kirsten Mona fekk og vita at morfaren var ganske dårlig så sannsynligheten for at ho måtte reise ner igjen før søndag var stor. Korleis skulle dette gå?
Me var oppe i Norheimsund i halv 7 tida og fekk pakka oss ut på bedehuset i Øystese og registrert oss og satt opp Bildøy-standen før det første møtet var begynt. :) Etter møtet fekk me snakka med folk og mange var positive til bibelskule og Bildøy.

Lørdagen skulle me syngja på formiddagsmøte. Me sang 2 sanga, Everything og God will make a way. Det gjekk veldig fint. Sjølv om me mangla nesten halve klassen. :)
Etter me hadde opptredt så måtte Kirsten Mona reisa. Så då satt vår kjære stipendiat Svein-Inge igjen med alt ansvaret. Og det var ikkje noko problem for han. Skulle tru at det var planlagt at han skulle ha det. Det gjekk så knirkefritt at sjølv vaktmester Øyvind hadde ikkje klart å smørje ei dør så godt.

På ettermiddag på lørdagen reiste me tilbake til Øystese og slappa av, me spelte Risk, Den forsvunne Diamanten og Svisj-UNO. Einaste som ville og var heilt gira på Seminar var vår alles kjære John Olav. Han var fast bestemt på at han skulle på Seminar. Så han blei igjen der og holdt fortet mens resten av klassen reiste til Øystese. Han hadde, etter det han seier sjølv: "Ein sinnsykt bra dag alså!"

Lørdagskveld var det konsert med Elevate! Konserten bestod av masse lyd, lys, musikk og det viktigaste av alt, Jesus Kristus som elskar oss! Og etter at lyden og lyset hadde roa seg så reiste me tilbake til Øystese og hadde kosekveld, på bedehuset. Der var alt ifrå ansiktsmaske til chips med dip.

Søndag var det oppvask og vask av Øystese Bedehus og trur neppe den bedehus-kjellaren nåkken gang har vert så fin som søndag 27.04.08 kl 14.30.
Så gjekk me på møte og pakka ner standen før me vendte nasena våre heim igjen mot Bildøy.

Med få ord så hadde me ei kjempefin helg med linja.

1 kommentar:

Anonym sa...

blir vaktmesterens evne til å smørre dører trekt i tvil her....:)?