mandag 8. september 2008

Nytt år, nye moglegheiter

Då var eit nytt år med musikklassa i gong på Bildøy. Og ein kan ikkje seie at gutane har låge på latsida. Etter tre veker på bibelskulen, var det i dag duka for årets andre sjøsetjing. Dei heldige denne gongen var mediastipendiat Monica og vår kjære musikkelev Joachim. For dei som no sit og lurar på om det er vår nye båt vi har sjøsatt, kan eg med ein gong konstantere at det er det ikkje. Tingen er nemleg, at på Bildøy har vi ein tradisjon som seier at dersom nokon blir saman i løpet av bibelskuleåret må dei bli kasta på sjøen. Heldigvis er ikkje September den kaldaste månaden. Stakkars dei som ventar til Januar...



Ingen kommentarer: