mandag 11. februar 2008

Linjeveka

Forrige veke hadde vi linjeveke på bibelskulen. Det vil seie at vi berre hadde linjefag ei heil veke. Medan både Krik og T1 var ute på reise denne veka, vart vi i musikklinja igjen på bibelskulen for å spele inn cd. Fem songar vart valt ut, i tillegg til to korsongar. Heile veka skulle avsluttast fredag kveld med ein konsert på Bibelskulen, så allereie mandag morgon vart det ringt rundt til radio og aviser med annonser om konserten. Det vart sett opp program for kvar dag med oversikt over kven som skulle vere i studio til ei kvar tid, og andre oppgåver til dei som ikkje skulle vere der.

Vi starta kvar dag med morgonsamling. På konserten skulle vi framføre det vi spelte inn på cden i tillegg til ein del andre songar som vart plukka ut. Dermed vart det ein del øving, både til konserten og til studioinnspelinga. Tirsdag kveld hadde vi hyggekveld med underhaldning, adjektivforteljing, bollar og is. Onsdag reiste vil til Fjell kyrkje der vi spelte inn to songar med musikklinjekoret Kenaja, og vår organist Baard spelte inn eit stykke på orgel. Etterpå reiste heile klassa på resturant. Ellers er det er vel greit å vite at vi fekk sove ein time lenger enn vanleg heile veka.

Cden er ikkje ferdig miksa endå, det skal vi nemlig gjere sjølv i musikkteknologitimane framover. Men vi vonar at resultatet blir svært bra. Vi hadde det iallefall veldig kjekt denne veka!

Linjeveka gjekk som smurt
- det var ingen som dreit seg ut

1 kommentar:

Kari og Knut Fr. Sørheim sa...

Hei. Ja, etter å ha klart å få første kommentar på KRIK-bloggen, er det like flott å få første kommentar på Musikk-bloggen - med hilsen fra den som får lov å være leder i styret for Bibelskolen. Flott blogg - og flott mulighet for oss litt på utsiden å få se litt hvordan dere egentlig har det! Ser fram til å kunne følge med og få litt mer peiling på innsidelivet. Håper siden blir til glede og velsignelse!
Hilsen Knut Fr. Sørheim