onsdag 13. februar 2008

Presentasjon av fag: Musikkformidling

Mål: Elevane skal tileigne seg kunnskap om og trening i å opptre som musikkformidlarar på ein trygg måte.

På musikklinja har vi eit fag som heiter musikkformidling. I dette faget framførar vi musikk for kvarandre, og får tilbakemeldingar frå lærarane og medstudentane. Det høyest kanskje litt skummelt ut, og er nok kanskje også litt skummelt av til, men eg trur nok at for mange er dette det aller kjekkaste faget vi har!

Vi vert for kvar gong inndelt i forskjellige grupper, som blir bytta på for kvar gong. Vi får også for kvar gong eit tema eller ein sjanger. Døme på tema/sjanger vi har hatt til no:
- glede
- country
- klassisk/salme
- gospel/jazz
- a capella
- film/musikal
- akkustisk + elektrisk
- jul

Her er ein film frå ein av dei aller fyrste musikkformidlingstimane vi hadde:

Ingen kommentarer: